Om prosjektet

«Ska sei» –kartlegging av dialektar på Haugalandet

Svært mange er opptekne av språket vårt, og alle brukar det. Både dialektane og skriftspråket er i endring. Karmsund Mållag har i samarbeid med Haugalandmuseet og Rogaland Historielag sett i gang eit prosjekt for å kartlegga dialektar på Haugalandet. Kommunane Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær, Vindafjord, Etne, Utsira og Bokn er med i karrtlegginga. Prosjektet har dei kalla «Ska sei», eit godt rogalandsuttrykk.  Kartlegginga skal gjerast gjennom intervju med to aldersgrupper, dei eldste i aldersgruppa 60 – 80 år, og ungdomsskuleelevar 14-16 år gamle. Intervjua vil for det meste gå føre seg i første kvartal 2021. Prosjektet startar i haust, skal vera ferdig i slutten av 2021, og har støtte frå mellom anna Kulturrådet, kommunane Haugesund, Bokn, Tysvær, Karmøy og Vindafjord, og Rogaland Fylkeskommune.

Haugalandmuseet har eit stort materiale i form av gamle intervju meir enn hundre år tilbake og framover, så etter at dei intervjua ein planlegg nå er gjennomførte så vil det vera materiale som viser utviklinga frå om lag 1900 til i dag. Me skal også ta opptak fra stader på Haugalandet det ikkje finst gamle opptak fra, for å sikra informasjon herfrå også.

Me har elles fått hint om at det fleire stader finst private opptak som ikkje er kjende for museet, og det er svært interessant å få desse fram i lyset.

Interessa for dialektar viser seg mellom anna på Facebook-sida «Ord og uttrykk frå Haugalandet og der omkring». Gruppa blei oppretta i 2018, og har om lag 1700 medlemmer. Det er stor aktivitet på sida og mange legg ut ……………nettopp -Ord og uttrykk frå Haugalandet……..

Etter at planlegginga stoppa som følge av korona, så har ein komme i gang igjen på seinsommaren. Ivar Sveine er tilsett som prosjektleiar på deltid. Han har utdanning i filologiske fag og samfunnsfag, mellom anna norsk språk og litteratur. Han har og utdanning i organisasjon og leiing. Ivar Sveine har vore tidlegpensjonist dei siste åra, men jobba før det rundt 30 år i olje-og gassverksemda, mellom anna som prosjektleiar.

Styringsgruppa som har den daglege leiinga av prosjektet består av Karmsund Mållag  ved leiar Solgunn Liestøl, Rogaland Historielag ved leiar Birger Lindanger, tidlegare kultursjef i Tysvær Ingvar Frøyland og prosjektleiar Ivar Sveine. Haugalandmuseet ved konservator Grethe Paulsen Vie er også tett knytta til styringsgruppa.  

Så er det ei prosjektgruppa med eit sterkt lag av av ressurspersonar. Frå Tysvær mållag deltek Synnøve Bredal Bjelland. Karmøy dialekt-, og mållag stiller med John Ferkingstad, og Haugesund Mållag og ungdomslag har med Hans Torbjørn Liestøl. Frå Tysvær historielag er Atle Heskja med, og tidligere mangeårig Haugesundsordførar Petter Steen jr er med som representant frå Sveio kommune der han nå arbeider som rådgjevar. Som fagleg støtte har prosjektet knytt til seg Jan Kristian Hognestad, professor i nordisk ved Universitetet i Stavanger. 

Dei lokale historielaga og mållaga på Haugalandet er sentrale når det gjeld å skaffa både intervjuarar og informantar, men me vil gjerne ha kontakt med eldre og/eller yngre som kan tenka seg å delta, både som intervjuarar og informantar. Me planlegger også å samarbeida med ungdomsskulane i distriktet når det gjeld å finna ungdommar me kan intervjua. 

Dei viktigaste oppgåvene framover er å utarbeida ein intervjuguide som sikrar at ein får nokonlunde tilsvarande informasjon fra dei som blir intervjua. Deretter skal ein rekruttera intervjuarar frå mållaga og historielaga som er med, og ikkje minst skal ein skaffa informantar.  

Me tar sikte på intervjua rundt 70-80 i den eldste gruppa, og kanskje 80-100 ungdommar. Desse blir fordelte på kommunane, så det vil vera fleire i dei store kommunane enn dei små.

Det gir lite meining å snakke om Haugalandsdialekt. Talespråket varierer rundt om i heile distriktet, og nokon gonger treng ein ikkje flytta seg mange hundre meter før det kan vera endringar. Ikkje minst på Karmøy er det stor variasjon i talemålet. Nokre seier det følgjer dei gamle kommunegrensene der (som kjent blei fleire kommunar på 1960-talet slått saman til ein storkommune), andre meiner det kanskje er endå meir komplekst.

For meir informasjon kan prosjektleiar Ivar Sveine kontaktast på tlf. 952 38418, alternativt leiar i styringsgruppa Solgunn Liestøl, tlf. 936 64995 

Mailadressa til prosjektet er: haugalandsdialekt@gmail.com