Rolla til kontaktpersonen i lokallaga i dette prosjektet inneber å ha ansvaret for:
- arbeidet med å leita etter informantar frå ditt område.
- å be informantane legga inn kontaktinformasjonen sin på skasei.org
- å ha kontakt med intervjuarane frå ditt område
- å laga ein plan på rullering av opptaksutstyr til dei ulike intervjuarane
- å gje tilbakemelding for stoda i området ditt, gjerne før eit av statusmøta.
- å ta kontakt med prosjektleiar Ivar Sveine når intervjua er ferdigstilt i området ditt.
Nokon område vil ha fleire kontaktpersonar som kan gjera denne jobben enklare.
Meld inn dokkar kontaktperson her: