Arbeid med intervjuguide

Etter pressemeldinga kom ut i august har prosjektet fått mykje omtale i lokale media. Det set me utruleg pris på! Arbeidet som ligg føre oss er å få på plass ein intervjuguide. Det vil seia ein mal for kva som blir rammene på dei nye intervjua prosjektet skal gjennomføra.

I arkivet til Haugalandmuseet og til dømes bibilotek ligga eldre opptak, medan prosjektet tek sikte på å gjera nye intervju i dei same områda med nye informantar. Desse nye informantane skal gå på ungdomsskulen og vera i etterkrigsgenerasjonen (frå 60 år og oppover). For at dei frivillige intervjuarane skal gjennomføra intervjuar nokså likt, skal det ligga føre ein intervjuguide, ein for dei unge og ein for dei eldre.

Leiar i Rogaland historielag, Birger Lindanger, har gjennomført ei intervjurekke på Bokn og har erfaring med livsløpintervju. Jan Kristian Hognestad, professor ved Universitetet i Stavanger, har losa fleire studentar gjennom oppgåveskriving der dei brukar intervjumetodikk. Desse har i lag med avdelingsleiar på samlingsforvaltning, Grethe Paulsen Vie, på Haugalandmuseet, komme med framlegg til styringsgruppa på kva tema som kan vera med i intervjuguiden.

Intervjuguiden er tenkt å vera klar til kurset i intervjuteknikk torsdag 3.desember på lagshuset til Haugesund mållag og ungdomslag. Her skal dei frivillige intervjuarane kursast av dei same samarbeidspartnarane som har vore med å laga intervjuguiden, nemleg Birger, Jan Kristian og Grethe.

Kontaktperson

Rolla til kontaktpersonen i lokallaga i dette prosjektet inneber å ha ansvaret for:

  • arbeidet med å leita etter informantar frå ditt område.
  • å be informantane legga inn kontaktinformasjonen sin på skasei.org
  • å ha kontakt med intervjuarane frå ditt område
  • å laga ein plan på rullering av opptaksutstyr til dei ulike intervjuarane
  • å gje tilbakemelding for stoda i området ditt, gjerne før eit av statusmøta.
  • å ta kontakt med prosjektleiar Ivar Sveine når intervjua er ferdigstilt i området ditt.

Nokon område vil ha fleire kontaktpersonar som kan gjera denne jobben enklare.

Meld inn dokkar kontaktperson her: